torsdag 13. februar 2014

Banankake + oppskrift

Eg har laga banankake idag, med mamma si oppskrift, har ikkje smaka på den endå, men håpar no den er like god som mamma si! :D

Slenger med oppskrifta her, men vil berre presisere at eg DOBLA oppskrifta pga eg skulle ha ei langpanne :)

Oppskrift på banankake:

2 egg
200 g sukker
200 g kveitemjøl
1 kopp smelta smør
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
2 ts natron
8 ss melk (ca 1 dl)
2-3 modne bananer

Visp egg og sukker til eggedosis, sikt i kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker. Bland i smelta, avkjølt margarin. Tilsett natron utrørt i melk. Mos bananene og bland dei i røra. Fyll røra i smurt og strødd form (springform, ca 24 cm). Steik kaka i ca 40 min på 175 grader.
Ein kan ha på melis eller sjokoladeglasur til slutt om ein vil, eg personlig synest at kaka er aller best utan noko på :D

Banankake i langpanne :)


-S

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar