mandag 3. mars 2014

Slutt på helga!

Søndagen starta heller dårleg for meg og bilen min, eller aller helst bilen min vart det vel. Eg og systa mi var ute på ei lita rånerunde i sentrum på nattestid og såg oss litt rundt (mange rare folk ute). Sidan ingen ville stoppe og prate med oss so berre seig vi litt rundt og fann ut vi skulle køyre oppover mot Campus og plutselig ser eg at temperaturen på motoren skyte til topps! Eg svinga inn mot Campus på parkeringsplassen og ringe min gode venn Mulle Mekk som han no kallar seg :P Litt stressa og panisk for å høyre kva som skjer med go'gullet mitt. Temperaturen går ned til normal omtrent med ein gang eg stoppar opp og får beskjed av Mulle Mekk om berre å køyre heim og parkere bilen! Temperaturen inne i bilen var forsåvidt omtrent like kald som ute i tillegg! Må nett køyre systa mi heim før eg kan reise heim og konferera i tillegg med bror min, får beskjed om å lufte ut motoren litt og finn delvis ut kva som kan vere gale. Mulle Mekk kjem omsider til unnsetning, sjølv om eg gjer beskjed om at det ikkje trengs.. Vi finn ut at bilen har null nada kjølevæske stakkars! Bilen blei parkert hos systa for natta med redning på dagtid :) Kjølevæske blei påfylt søndag på dagtid og plutselig gjekk bilen som den skulle igjen og varmeapparatet prøvde å koke meg inne i bilen :P Fekk nett testkøyrd bilen og alt er bra, håpar vi, no gjenstår det å sjå om det er lekkasje ein plass i forhold til kjølevæska eller om det er ei vasspumpe som evt må byttast.. Dyr affære det og :S

Gullet mitt!
Tusen millionar takk for stooooor hjelp Mulle Mekk! :D Hadde da ikkje vore for deg so hadde kanskje bilen min streika!

-S

fredag 14. februar 2014

Snaaart helg!

Eller det vil seie, eg har allereie teke helg! :D So fort lillesøstra mi er ferdig på jobb idag (fredag) so slenge vi oss i bilen og set nasa heim til mamma og forsinka morsdagsfeiring! 

Før noko av det kan gjerast so må bilen min ryddast, støvsugast og organisere alt som skal inn i bilen og :P Iallfall med tanke på at vi skal ha med oss ein som treng skyss til Førde og då må det vere litt anstendig i bilen min :P 

Helga skal brukast på morsdagsfeiring ikveld hos mamma med heimelaga kjøtkaker og mi heimelaga banankake til dessert og berre avslapping, bursdagsfeiring av meg og bestesnuppa mi Susanne LP på lørdag før eg og lillesøstra mi set nasa mot Sogn att på søndag :D 

Have a nice weekend everyone! 



-S

torsdag 13. februar 2014

Banankake + oppskrift

Eg har laga banankake idag, med mamma si oppskrift, har ikkje smaka på den endå, men håpar no den er like god som mamma si! :D

Slenger med oppskrifta her, men vil berre presisere at eg DOBLA oppskrifta pga eg skulle ha ei langpanne :)

Oppskrift på banankake:

2 egg
200 g sukker
200 g kveitemjøl
1 kopp smelta smør
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
2 ts natron
8 ss melk (ca 1 dl)
2-3 modne bananer

Visp egg og sukker til eggedosis, sikt i kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker. Bland i smelta, avkjølt margarin. Tilsett natron utrørt i melk. Mos bananene og bland dei i røra. Fyll røra i smurt og strødd form (springform, ca 24 cm). Steik kaka i ca 40 min på 175 grader.
Ein kan ha på melis eller sjokoladeglasur til slutt om ein vil, eg personlig synest at kaka er aller best utan noko på :D

Banankake i langpanne :)


-S

For ein dag!

Eg skulle altså på jobb kl 18 igår kveld, kom inn døra litt før 17 og tenkte eg nett kunne legge meg nedpå litt sidan eg var så innmari trøytt.. Det endte med at eg våkna kl 18.10!! Eg bokstavelig talt spratt ut av senga, inn i stova for å finne uniformen min og hoppe i kleda! Sjefen hadde allereie ringt og sendt melding til meg, so når eg kom inn døra på jobb kl 18.20, so trudde eg at eg skulle krepere :P Eg kokte jo til tusen! Då var det berre å henge frå seg ting, finne kassen og stemple seg inn før eg flaug ut i butikken og sat omtrent og sov resten av kvelden, var heilt kake :/

-S

mandag 10. februar 2014

Brad Paisley

I helga vart det, som alltid, råning/siging i fjøra og rundt omkring :P Som alltid vart det guffa musikk og då spesielt country, då både eg og kompisen min digga country! Det blir veldig mykje av Brad Paisley, og det har jo sine grunna, han har jo maaange flotte sanga og ikkje minst, so skal vi på KONSERT med han i Oslo i mars!!!!! Det blir rett og slett heilt rått! Gler meg so ein unge! Merka at eg blir berre meir og meir gira på country og Brad Paisley ikkje minst!



Eg har iallfall den meining og oppfatting av at om du e i dårlig humør, sleng på noke country og du livna godt te :D


Her e ein av favorittane mine frå Brad Paisley:

Brad Paisley - Remind Me  ft. Carrie Underwood


 -S

søndag 9. februar 2014

Rolig søndag!

Dagen i dag "starta" med at eg og systa reiste på Statoil og fekk tatt ein skikkelig oppshining på bilen min, so no skine den so fint! :D Dynka so og seie bilen i avfettingsmiddel før vi køyrde den inn i vaskemaskina og tok ein poleringsvask på den! Leeeeenge sida bilen har vore so rein so no, kanskje det held seg litt bedre med tanke på at det var ein poleringsvask og :D

Go'bilen min! :D
E ikkje bilen min fin so veit ikkje eg :D Hihi! E evig takknemlig for min kjære bror so ha funne denna bilen her altså!!

No i kveld har eg berre slappa av, teke eit lite heime-SPA rett og slett og berre teke vare på meg sjølv. No blir det nok film, Gone in 60 seconds, og noke god mat! :D

Håpa alle har ein flott kveld!

-S

mandag 3. februar 2014

Sooooool!

Våkna opp te ei flott sol inn soveromsglaset idag, spratt utav senga, hoppa inn i klea og spurta inn i stova so eg fekk foreviga starten på dagen! Utsikta frå altanen vår mot Stedje og Storehaugen (fjellet "under" sola) :D


So fekk eg og verdas kulaste roomie, ånden øve oss og fekk shina heile leilegheita (støvsuga og vaska alle golv) med musikk på anlegget i stova  Seinare var det jobb på meg, so kan vel seie at dag nr to i februar vart ganske effektiv!  No e da snart senga på meg, idag (mandag) e da sjette arbeidsdag på rappen, og da stogga ikkje der, eg skal plutselig jobbe ekstra på tirsdag, men det gjer meg ikkje noke (ekstra peng i kassen, evt. på kontoen :P )
-S