mandag 3. mars 2014

Slutt på helga!

Søndagen starta heller dårleg for meg og bilen min, eller aller helst bilen min vart det vel. Eg og systa mi var ute på ei lita rånerunde i sentrum på nattestid og såg oss litt rundt (mange rare folk ute). Sidan ingen ville stoppe og prate med oss so berre seig vi litt rundt og fann ut vi skulle køyre oppover mot Campus og plutselig ser eg at temperaturen på motoren skyte til topps! Eg svinga inn mot Campus på parkeringsplassen og ringe min gode venn Mulle Mekk som han no kallar seg :P Litt stressa og panisk for å høyre kva som skjer med go'gullet mitt. Temperaturen går ned til normal omtrent med ein gang eg stoppar opp og får beskjed av Mulle Mekk om berre å køyre heim og parkere bilen! Temperaturen inne i bilen var forsåvidt omtrent like kald som ute i tillegg! Må nett køyre systa mi heim før eg kan reise heim og konferera i tillegg med bror min, får beskjed om å lufte ut motoren litt og finn delvis ut kva som kan vere gale. Mulle Mekk kjem omsider til unnsetning, sjølv om eg gjer beskjed om at det ikkje trengs.. Vi finn ut at bilen har null nada kjølevæske stakkars! Bilen blei parkert hos systa for natta med redning på dagtid :) Kjølevæske blei påfylt søndag på dagtid og plutselig gjekk bilen som den skulle igjen og varmeapparatet prøvde å koke meg inne i bilen :P Fekk nett testkøyrd bilen og alt er bra, håpar vi, no gjenstår det å sjå om det er lekkasje ein plass i forhold til kjølevæska eller om det er ei vasspumpe som evt må byttast.. Dyr affære det og :S

Gullet mitt!
Tusen millionar takk for stooooor hjelp Mulle Mekk! :D Hadde da ikkje vore for deg so hadde kanskje bilen min streika!

-S